Flott, takk for den avklaringa. Tar denne prosessen lang tid? Eller er det berre eit kjapt stempel? Inspeksjon av bilen?
Sidan dette er fyrste gongen er dette prosessen eg ser for meg:
- Møte opp hos forhandlar 09:00
- Inspisera bil og litt papirarbeid (kontrakt/betaling)
- Få forhandlar til å kjøyra meg til skiltmaker for eksportskilt/ansvarsforsikring
- Tilbake til forhandlar for litt meir papirarbeid (eksportpapiret++)
- Ringje norsk forsikring for kasko
- Få med meg kontrakt/kvittering, vognkort I/II, TUV/HU, CoC, og eksportpapiret
Heile denne prosessen tar vel 2-3 timar?
- Kjøyra til Hirtshals og stoppa i tollen for stempling/registrering av Ausfuhrbegleitdokumentet
- Kjøyra ombord dersom eg rekk den 21:30 ferja..
- Vel framme i Bergen kjøyrer eg på raudt og tar fortolling (betaling av moms+miljøavgifter eller får den 3-dagers-frist lappen og/eller NA0221).
Eg planlegg å kjøyra på 30-dagars eksportskilta for å auke frådraget på eingongsavgifta.
I denne perioden tar eg bilen til biltilsynet og får den framvist for godkjenning.
Er det eit spesielt papir eg får med meg frå Biltilsynet?
Lar kanskje bilen stå ei veke utan skilt for å få ein ekstra 1% rabatt.
(Bilen vart fyrste gong registrert 29.Mai 2013, betyr det at eg må vente til 30. April for å få den siste prosenten? Eller er det påbegynt måned som gjeld, slik at eg bør vente til 1.Mai med å betala eingongsavgifta?).
- Betalar eingongsavgifta hos tollen og tar ein tur til biltilsynet for å få skilt (eg treng vel ikkje ha med bilen for å få skilta?).
- Oppdaterer Autopass/NAF/forsikring/++ med nytt registreringnummer.
Er eg nokonlunde på sporet?..